Ansatte
Eigil Garfors Instebø
Kiropraktor
Eigil er utdanna kiropraktor frå Macquarie University, Sydney, Australia i 2011. Turnustenesta hadde eg på Kiropraktorklinikk1 på Nordfjordeid i 2012. Deretter opna eg min eigen klinikk på Sandane i Gloppen kommune og var der i tre år. Eg hadde også ein klinikk i Naustdal kommune i eitt år før eg i oktober 2016 opna min tredje klinikk ved Helsehuset Førde og praktiserer der i dag.
Sommaren 2022 fullførte eg mi andre mastergradsutdanning, denne gang i «Ultralyddiagnostikk av muskel- og skjelettproblem».
Ultralyd er ei påliteleg undersøking når det blir utført av personell som er trena til å bruke det. Forsking viser at det kan vere meir påliteleg enn t.d. MR i diagnostisering av t.d. seneskadar i deriblant skulder og kne. Strukturar ein ser godt med ultralyd er muskulatur, leddband, sener, brusk, væskeansamling, nervar blodkar og ytre delen av bein (korteks). I praksis vil det seie at ein kan differensiere skader som t.d. avrivingar (ruptur) frå overbelastning av senestrukturar og ein kan gradere betennelsesaktivitet i vevet. Er ein trena til det kan ein også diagnostisere patologi tilknytt små nervar i armar og bein, eit fagfelt som til no internasjonalt ikkje er veldig utbredt, men som kan ha relevans for mange pasientar i klinikken. Som med alt anna, så krev det mykje trening å bli god å meistre ultralyddiagnostikk. Med ei presis diagnose kan behandlinga tilpassast deretter. Eg tilbyr ultralydundersøking av muskel og skjelettproblem der det trengst.
Før kiropraktorutdanninga har eg ein bachelorgrad i idrett fysisk aktivitet og helse frå Høgskulen Sogn og Fjordane avdeling Sogndal. Der lærte eg mykje om tilpassing av trening i spekteret frå ein utrena person til toppidrettsutøvarar. I tillegg lærte eg mykje om rehabilitering og opptrening etter skader eller ulykker.
Eg har i tillegg vore aktiv langdistanseløpar på nasjonalt nivå i friidrett, og har nokre medaljar frå norgesmeisterskap på ungdoms- og juniornivå. Diverre fekk eg idrettskarrieren spolert av diverse belastningsskadar. Konkurransemessig blir det no mest landevegsløp som halv-maraton, samt fjelløp. Mi breie erfaring med trening på høgt fysisk nivå, og mine mange belastningsskadar har gjeve meg mykje praktisk erfaring om tilpassing av trening.
Eg har også undervist idrettslag om tema som prestasjonsfremjande trening, tilpassa trening for utøvarar med skadar, og førebyggande tiltak for å unngå skadar. I tillegg har eg organisert og leia treningar for bedrifter og idrettslag på ulike nivå, og med ulike ynskjer og målsetjingar gjennom utdanningstida.
Guro Heimsæter
Kiropraktor
Guro er frå Hyen i Gloppen kommune. Ho gjennomførte kiropraktorstudiet ved Anglo European Collage of Chiropractic (AECC) i Bournemouth, England 2016-2020. Turnustenesta gjennomførte ho hos Sunnfjord kiropraktorsenter i 2020-2021, og ho har fortsett å jobbe i denne klinikken sidan det.
Guro er ei jordnær dame som er godt likt av pasientar og kollegaer. Ho er fagleg flink med pasientane for å gje dei den beste behandlinga for sine problem. I tillegg er ho serviceinnstilt og imøtekommande for å finne den beste løysinga for å hjelpe pasientane. Det er viktig for Guro at pasientane føler seg sett og ivaretatt.
Guro er interessert i pediatri og graviditetsrelaterte plager. Ho har skrive ei fordjupningsoppgåve om kolikk og kiropraktikk, og har i tillegg delteke på pediatriseminar. Dette gav meirsmak og ho er no i gang med ei vidareutdanning som gjev mastergradstittel innan behandling av barn og unge (pediatri). Ho blir dermed den første frå Sogn og Fjordane med ei slik utdanning og kompetanse!
På fritida er Guro oppteken av å ha ein aktiv kvardag med friluft og fysisk aktivitet. Det er viktig å setje helsa høgt og ho engasjerer seg for at andre skal kunne oppnå optimal funksjonell helse for ein best mogleg kvardag, både når det gjeld jobb, fritid og sportslege aktivitetar.