Behandlingstilbud

Kva kan ein kiropraktor hjelpe deg med?

Diagnostisering, behandling, rehabilitering og førebygging av muskel- og skjelettproblem.

Smerter i ledd og muskulatur; t.d. vond rygg, nakke og skuldrar er plager kiropraktorar møter på jobb fleire gangar dagleg. Også plager i armar og bein er vanleg; t.d. «musealboge», hand-, hofte-, kne-, ankel- og fot-problem kan ha god effekt av behandling.
I tillegg kan hovudpine, migrene, svimmelheit og øyresus ha god effekt av kiropraktikk når desse skriv seg frå muskulatur eller skjelett.
Krystallsjuke (BPPV) (svimmelheit ved endring i posisjon av hovud oftast frå sittande til liggande, eller snu hovudet i liggande stilling) finst der ofte gode manøverar for å bli kvitt problemet.

Spedbarn som skrik mykje (t.d. kolikk) kan ha mange årsaker. Skuldast skrikinga eit funksjonelt muskel-skjelettproblem, ein «feilfunksjon» ofte i nakke eller rygg kan kiropraktorbehandling ofte hjelpe. Behandlinga involverer ingen harde trykk eller vridningar.

Kiropraktor Eigil Instebø er i gang med ei ny mastergrad innan muskel-skjelett ultralyd diagnostikk. Det gjev ein sikrare diagnostisering av dine smerter i muskel-skjelett systemet.
Utover dette kan vi hjelpe med tilrettelegging av trening for å auke prestasjonsevna fram mot t.d. ein uthaldskonkurranse. Kiropraktor Eigil Instebø har bakgrunn som aktiv langdistanseløpar på nasjonalt nivå og kan også hjelpe med teknikkanalyse og utbetring av ditt løpesteg.

Kiropraktorar er i Noreg offentleg autorisert helsepersonell med sjølvstendig diagnose- og behandlingsansvar.
Kiropraktorar fungerer som primærkontakt i førstelinjetenesta, og har sin spesialkompetanse på muskel- og skjelettproblem. Det betyr at du treng ingen tilvising frå t.d. lege.
Kiropraktorutdanninga er ei 5-årig profesjonsretta akademisk grad på universitetet. I tillegg er det i Noreg eitt års obligatorisk turnusteneste etter fullført studieløp. Dette gjer at kiropraktorane har den lengste profesjonsutdanninga retta på muskel- og skjelettproblem.
Autorisasjonen som kiropraktor inkludere tilvisingsrett til røntgen, MR, CT, ultralyd eller spesialist; i tillegg til sjukmeldingsrett for muskel- skjelettplager. Vi har også direkte refusjonsrett med HELFO.

Konsultasjonen startar med ei samtale om plagene dine for å kartlegge potensielle problem i kroppen. Deretter gjennomførast ei klinisk undersøking for å avklare om plagene dine er muskel- og skjelettrelatert. Ved behov for vidare undersøkingar som røntgen, MR, CT, ultralyd etc. kan kiropraktoren tilvise til dette.

Om plagene dine er muskel- skjelettrelatert og blir forverra av jobben din, kan kiropraktoren sjukmelde i inntil 12 veker i total sjukmeldingstid. Det er for øvrig sjeldan så lang sjukmeldingsperiode er naudsynt.

Skulle det derimot vere naudsynt med utdjupande undersøkingar, kan kiropraktoren tilvise til spesialisthelsetenesta i privat eller offentleg sektor.
Kiropraktoren er i jamn dialog med fastlegen om pasienten sine problem.

Ultralyd av muskel-skjelettsystemet kan gjerast ved denne klinikken. Dette er ein effektiv måte å kartlegge eit skadeomfang. I motsetning til MR, CT og Rtg, så er ultralyd ei dynamisk undersøking som kartlegg korleis strukturar blir påverka under bevegelse. Ultralyd er meir påliteleg enn MR når ein kan å bruke det.

Det finst mange kiropraktorar i landet, og behandlinga kan variere mellom dei.
Ved denne klinikken er det du som pasient som er i fokus. Vi ynskjer å hjelpe deg med dine plager, og behandlinga vert tilpassa diagnosen og din kropp. Ingen for ung, ingen for gammal!
Mange av pasientane vi behandlar har ei eller annan form for «stivheit» i ledd og/eller muskulatur av ulike årsaker. I slike tilfeller kan ein rask strekking av leddet føre til umiddelbar reduksjon i spenninga i leddet / muskulaturen. Ulike former for blautvevsbehandling (t.d. massasje og ulike strekketeknikkar av muskulaturen) vert også nytta for å redusere plagene dine.
I tillegg vert det gjeve individuelle råd til kvardagsaktivitet og førebyggande tiltak til jobb og heime. Treningsøvingar er viktig for å hjelpe på plagene dine, og minske sjansen for tilbakefall. Dette kan kiropraktoren gje deg direkte, eller t.d. ein fysioterapeut eller personleg trenar på Helsehuset Førde kan følgje deg opp på treningsbiten.

Bestill time idag

helsehuset består av