Om klinikken

Sunnfjord kiropraktorsenter held til i 2. etg. i Helsehuset Førde, Hafstadvegen 38, Sentrum sør i Førde. Inngang C.
Dette er vis-a-vi Spenst, i lokala der Grillen hadde restaurant i gamle dagar.

Ansatte

Eigil Garfors Instebø

Kiropraktor

Eigil er utdanna kiropraktor frå Macquarie University, Sydney, Australia i 2011. Turnustenesta hadde han på Kiropraktorklinikk1 på Nordfjordeid i 2012. Deretter opna han sin eigen klinikk på Sandane i Gloppen kommune og var der i tre år. Han hadde også ein klinikk i Naustdal sentrum i eitt år før han i oktober 2016 opna sin tredje klinikk ved Helsehuset Førde og praktiserer der i dag. 

Sommaren 2022 fullførte han si andre mastergradsutdanning, denne gang i «Ultralyddiagnostikk av muskel- og skjelettproblem».

Ultralyd er ei påliteleg undersøking når det blir utført av personell som er trena til å bruke det. Forsking viser at det kan vere meir påliteleg enn t.d. MR i diagnostisering av t.d. seneskadar i deriblant skulder og kne. Strukturar ein ser godt med ultralyd er muskulatur, leddband, sener, brusk, væskeansamling, nervar, blodkar og ytre delen av bein (korteks). I praksis vil det seie at ein kan differensiere skader som t.d. avrivingar  (ruptur) frå overbelastning av senestrukturar og ein kan gradere betennelsesaktivitet i vevet. Er ein trena til det kan ein også diagnostisere patologi tilknytt små nervar i armar og bein, eit fagfelt som til no internasjonalt ikkje er veldig utbredt, men som kan ha relevans for mange pasientar i klinikken. Som med alt anna, så krev det mykje trening å bli god å meistre ultralyddiagnostikk. Med ei presis diagnose kan behandlinga tilpassast deretter. Eigil tilbyr ultralydundersøking av muskel og skjelettproblem der det trengst. 

Før kiropraktorutdanninga har Eigil ein bachelorgrad i idrett fysisk aktivitet og helse frå Høgskulen Sogn og Fjordane avdeling Sogndal. Der lærte han mykje om tilpassing av trening i spekteret frå ein utrena person til toppidrettsutøvarar. I tillegg lærte han mykje om rehabilitering og opptrening etter skader eller ulykker. 

Han har i tillegg vore aktiv langdistanseløpar på nasjonalt juniornivå i friidrett, og har nokre medaljar frå slike norgesmeisterskap. Diverre fekk han idrettskarrieren spolert av diverse belastningsskadar. Konkurransemessig blir det no mest landevegsløp som halv-maraton, samt fjelløp. Hans breie erfaring med trening på høgt fysisk nivå, og mange belastningsskadar har gjeve han mykje praktisk erfaring om tilpassing av trening.

Eigil har også undervist idrettslag om tema som prestasjonsfremjande trening, tilpassa trening for utøvarar med skadar, og førebyggande tiltak for å unngå skadar. I tillegg har han organisert og leia treningar for bedrifter, idrettslag og i lokalsamfunnet med folk på alle nivå, med ulike ynskjer og målsetjingar. 

Guro Heimsæter

Kiropraktor

Guro er frå Hyen i Gloppen kommune. Ho gjennomførte kiropraktorstudiet ved Anglo European Collage of Chiropractic (AECC) i Bournemouth, England 2016-2020. Turnustenesta gjennomførte ho hos Sunnfjord kiropraktorsenter i 2020-2021, og ho har fortsett å jobbe i denne klinikken sidan det. 
 
Guro er interessert i pediatri (behandling av barn) og graviditetsrelaterte plager. Ho har under utdanninga skrive ei fordjupningsoppgåve om kolikk og kiropraktikk. Ho har i tillegg delteke på fleire pediatriseminar, samt kursing for behandling av gravide og kvinner postpartum (etter graviditet). Ho behandlar ikkje kun babyar/spedbarn, men har kompetanse for barn i barnehage- og skulealder. Våren 2025 fullførte ho ei 2-åring vidareutdanning innan pediatri. Dette resulterte i eit «Postgraduate Diploma in Paediatric Musculoskeletal Health” gjennom Health Sciences University I England. Ho har også tatt nettkurs for treningsrettleiing for kvinner under og etter graviditet.
 
Sjølv om Guro er interessert i pediatri trivast ho også veldig godt med å behandle pasientar i alle aldre og tek gjerne i mot både liten og stor for å finne beste behandlinga for å hjelpe pasienten. Ho har tidlegare vore treningsinstruktør innan seniortrim for eldre og er opptatt av å hjelpe andre forebygge og behandle plager gjennom aktive tiltak.

bestill time idag

helsehuset består av